tirsdag 29. desember 2009

PS: GODT NYTT ÅR

Er p.t å finne på Fjesboka!

Bloggen er utgått på dato !

Vel, då har tida rast forbi, eller har den kansje berre komt i full fart? Uansett om tida kjem eller går, så passerte eg i allefall 50-årsdagen, i live!
Takk til alle som bidro til at det vart ein positiv opplevelse, for MEG i allefall!
Så skal eg tenke på å opprette ein ny blobb, med nytt tema, seinare. Kansje "nesten hundre"?

mandag 30. mars 2009

Norsk Telemuseum - Gamle ringelyder

Norsk Telemuseum - Gamle ringelyder

Dette er en "hit" for deg som er lei alle former for nymotens ringelyder. EIN TELEFON SKAL RINGE - IKKJE SYNGE! Basta. Besøk Norsk Telemuseum og last ned GRATIS ekte telefonringelyd frå dei to føregåande århudre og kjenn på nostalgien. Lagre lydfilene på PC`en din og overfør til din mobiltelefon via Bluetooth! Hærlig med ein telefon som RINGER!

tirsdag 24. mars 2009

Det mest betydningsfulle ti-året!

Når femtiårsdagane står i kø, er det uungåeleg tid for refleksjoner. Tankane går tilbake til oppvekst og ungdomstida, kva hugsar du, kva betydde noko for deg og omgjevnadene? Svein W fyllte nett femti, han er fødd 4. februar 1959. Datoen leda meg til dagen før, 3. februar: "The Day Music Died", nærmare bestemt dagen då Buddy Holly og tre andre omkom i ein tragisk flystyrt. Don McLean har med utgangspunt i denne hendinga beskrive ti-året 59-69 på ein framifrå måte gjennom den svært så gode sangen "Miss American Pie". Sjekk ut denne videoen, og gjer deg opp ei meining sjølv: "Var dette et betydningsfullt ti-år, ogå for deg"? PS: Takk for hyggeleg selskap, Svein!

mandag 23. mars 2009

Snart eit halvt hundre - på tide med ein blogg!







Er no søren ikkje sikker på om eg veit kva eg skal med denne bloggen her, men ein stad må ein starte.
"Alle" har jo blogg, så då får eg prøve, eg òg, før vi sklir over femti.
Det vert vel helst kvardagsstoff i starten, og kvifor ikkje då vise kva ein kan oppleve av kontraster når ein eine dagen køyrer bil gjennom fjordafylket, til dømes ved Jølstravatnet ein fin dag i februar, og så tre dager etterpå nyter sola i øyriket utanfor Ao Nang, Thailand?
Vel, det var ein start. Får sikkert kritikk av ungane, men toler no litt etterkvart......
Får sjå om vi kan verte meir interessant når vi ser om dette er noko å bale med.
ha det fint, så lenge!